I flokk for Maria Amelie?

MariaHell1

Foto: Ingeborg Refsnes

Hellkonferansen debatterer mediedekninga av Maria Amelie-saka.

Sprang norske medier i flokk for å hindra at Maria Amelie vart utvist? Var det berre kjensler og ikkje fornuft som førte til den massive mediedekninga då Maria Amelie vart pågrepen på Lillehammer og seinare utvist til Moskva?

Hellkonferansen tar mediedebatten etter at Maria Amelie eller Madina Salamova vart pågrepen etter eit foredrag på Nansenskolen på Lillehammer 12.januar og seinare utvist. Lot me oss forføra av den sjarmerande og vel integrerte 25-åringen med venner som viste seg i stand til å mobilisera store folkemengder til støttedemonstrasjonar i norske byar? Mista me som yrkesgruppe all kritisk sans for ei ung kvinne me likte og syntest synd på?

Sprang i flokk

Fagmedarbeidar Gunnar Bodahl-Johansen på Institutt for journalistikk meiner norske medier sprang i flokk og gjekk i dei same fellene. I eit intervju med NRK denne veka sa han at mediene har vore altfor lite opptekne av grunnlaget for utvisningsvedtaket.

Journalistisk havari

Journalist Arnt Folgerø meiner Maria Amelie-saka er eit eksempel på journalistisk havari. I eit debattinnlegg i Aftenposten skriv han at denne saka er eit døme på korleis pressa i asylsaker suspenderer eigne spelereglar og etikk.

“Det er forklarlig når man vet hvordan pressen og godhetsindustrien i Norge lever i tett symbiose, der godhetsindustriens representanter har frikort til presssens spalter og der journalistene fungerer som deres herolder, skriv han i innlegget.”

Kritisk til regjeringa

Mediedekninga har vore massiv, og blir heilt sikkert forskningsmat for folk som skal finna ut om dekningen har hatt slagside, og om norske medier har forsømt seg og vore for ukritisk til historien til Maria Amelie. Norske leiarskribentar har i alle fall hatt ei tydeleg stemme og vore nesten samla kritisk til haldninga til regjeringa, og meint at det hadde vore råd å visa eit anna skjønn. Kommentator Trude Ringheim i Dagbladet oppmoda folk til å delta i demonstrasjonar rett etter at Maria Amelie var pågripen:

Oppmoda til demonstrasjon

“JEG OPPFORDRER alle til å demonstrere for Maria Amelie klokka 17 i dag utenfor Justisdepartementet, på Torgalmenningen i Bergen og i Trondheim. Denne uretten bør vi ikke tåle. Men innbill deg ikke et sekund at denne brutal saken er et unntakstilfelle der den rødgrønne regjeringen og utlendingsmyndighetene nærmest ikke vet hva de gjør. De vet nøyaktig hva de gjør. Nansenåret er slutt knapt før det startet.”

På Hellkonferansen blir det debatt med sjefredaktør i Adresseavisen og leiar i Norsk presseforbund Arne Blix, journalist Arnt Folgerø, Gunnar Bodahl-Johansen, IJ og Trude Ringheim, Dagbladet.

Legg igjen en kommentar!