Journalist og ufrivillig romanfigur

Min kamp 5 omslag:Layout 1

Tonje Aursland kjem til Hell for å fortelja om sitt liv som kulturjournalist og ufrivillig romanfigur i det store romanprosjektet til Karl Ove Knausgård.

«De fjorten årene jeg bodde i Bergen, fra 1988 til 2002 er for lengst over, det finnes ingen spor etter dem, annet enn som episoder forskjellige mennesker kanskje husker.….. » Slik opnar Karl Ove Knausgård Min kamp 5, boka frå den perioden han var gift med Tonje Aursland.

Ho kjem til Hell for å fortelja korleis det er å vera kulturjournalist og blir ettertrakta kjelde for eigne kolleger.

Tonje Aursland er kulturjournalist i Bergens Tidende, men er no mest kjent som ex-kona til Karl Ove Knausgård. Ho opplevde å bli ufrivillig romanfigur og få deler av livet sitt bretta ut.

Men sjølv om ho ikkje fekk koma til orde i romanprosjektet Min kamp, har det ikkje mangla på tilbod om å få koma med sin versjon til mediene. Tonje Aursland opplevde å bli ettertrakta og jaga kjelde for sine eigne kolleger.

Sjølv har ho valt å vera ekstremt mediesky og takka nei til alle typer intervju. Derimot laga ho radiodokumentar med sin versjon. Slik tok ho sjølv styringa når ho skulle fortelja sin historie.

Legg igjen en kommentar!