Journalist på traumatisk oppdrag
I tre veker har norske journalistar lytta til dei grusomme overgrepshistoriene frå Alvdal. Norsk journalistlag har samla mykje kunnskap om korleis det går med journalistar som har sett eller høyrt det forferdelegaste.
Journalistar risikerer å bli kalla ut på dei verste oppdrag på kort varsel. På Hellkonferansen får journalistar og leiarane deira vita litt om kva desse journalistane treng for å bearbeida traumatiske inntrykk slik at dei skal kunna leva vidare med opplevingar som i verste fall kan plaga dei resten av livet.
Sæba Bajoghli, Adresseavisen og Tonje Hovensjø Løkken, Arbeidets Rett kjem rett frå rettsalen i Elverum der dei har vore i periodar av rettsaka. Sæba Bajoghli arbeider til dagleg med krimsaker og har etterkvart mykje erfaring med grusomme historier. Dei siste vekene har ho pendla mellom rettsalen på Elverum og heimeredaksjonen på Heimdal
Tonje Hovensjø Løkken er til dagleg journalist på Tynset-kontoret til Arbeidets Rett, og har ansvar på Alvdal kommune. Ho hadde aldri vore i ein rettsal før denne saka. Sjølv har ho delt tida sida mellom rettsaka på Elverum og dagleg journalistisk arbeid frå Alvdal. Innimellom overgrepssaka har ho laga saker om seniorpolitisk handlingsplan og kommunedelplan til dømes.
Dei kjem til Hellkonferansen for å fortelja korleis dei taklar å ta inn over seg desse grusomme historiene.
Trond Idås i Norsk Journalistlag har etterkvart samla mykje kunnskap om korleis det er for journalistar å arbeida med katastrofer eller grusomme krimsaker. Han veit korleis journalistane hadde det under og etter tsunamien . Han har også snakka med journalistane som dekka Baneheia-saka i Kristiansand, både under rettsaka og ti år etter. Han kjem til Hell for å dela denne kunnskapen med oss.