Like før
Akkurat no arbeider Hellkomiteen på spreng for å få på plass dei siste detaljane før Hellkonferansen 2011. Sjekk ut programmet sjølv .
Stressmestring etter overgrepssaka i Alvdal
I tre veker heilt fram til Hellkonferansen har journalistar frå heile landet tatt inn grusomme historier om utenkjelege overgrep mot barn. Journalistar frå Adresseavisen og Arbeidets Rett fortel korleis det har vore å vera tilhøyrarar og samtidig konkurrera om nyhetene frå rettsalen. Trond Idås frå NJ har i mange år samla erfaringar frå journalistar som har arbeidd med katastrofer og fæle krimsaker, særleg har han studert Baneheia-saka i Kristiansand, Overhalladrapet og Tsunamien. Han deler kunnskapet sin om korleis det går med journalistar som har sett eller høyrt det forferdelegaste.
Fornuft og følelser rundt Marie Amelie
Ingeborg Refsnes frå Adresseavisen var saman med A-magasinet først ute med å skriva om Maria Amelia, då boka Ulovlig norsk kom ut sist haust. Etter det vart arrestasjonen og utsendinga eit mediesirkus utan like som framleis ikkje er over. Har media latt seg styra av følelsane og laga rein kampanjejournalistikk for at Amelie skal få bli? Eller er det legitim journalistikk som viser kor knallhard norsk asylpolitikk er? På Hell blir det debatt.
Ipadkrigen
2011 er det store nettbrettåret. Akkurat no blir det testa og forsøkt og sjekka ut kva som lukkast og kva som ikkje lukkast. Aftenposten og Media Norge-avisene er i ferd med å lansera sin paddeversjon akkurat no. Medan VG og Adressa alt er gamle travarar som har gjort det heilt sidan i fjor. Digital redaktør Rolf Dyrnes Svendsen avslører planane i den digitale framtida, slik det ser ut akkurat no.
Hellskole
I trange økonomiske tider er det stramma inn på kursbudsjettet i mange redaksjonar. Hellkonferansen satsar stort på det matnyttige med kurs i videojournalistikk, mediespråk, offentlighetslova, slik avslørte vi kraftfondet, og radiodokumentarens grep for å skapa bilder på radio.
Alt det andre
Har me presentert tidlegare. Me håpar programmet har blitt så bra som du fortener det. Så ulikt frå i fjor at det er verdt å ta turen også i år, og fristande nok til at du også kjem neste år.
Me i Hellkomiteen gler oss, og ser fram til å møtast på Hell 4.-6.februar.
….og? Programmet er kanskje ikkje heilt ferdig ennå heller. Det vil visa seg.
Beste helsing
Aagot Opheim
Leiar
Hellkonferansen
