Velkommen til Hell 2009!

Aagot Opheim, Foto: Richard Sagen

Aagot Opheim. Foto: Richard Sagen

Det skal handla om å vera journalist i Palestina, om kvifor me bryr oss så lite om kva soldatane våre driv med i Afghanistan. Det skal handla om dokumentarfilm, politiske kommentatorar og korleis gjera gull av gråstein. Om snaut tre månader er det klart for ein ny Hellkonferanse, og komiteen er midt i arbeidet med å laga ein inspirerande, engasjerande spennande, artig og forhåpentlegvis festleg konferanse på Hell  6.-8. februar.

Jubileum

Det starta på Røros i 1994, og 2009-konferansen er den 15. i rekka, og samtidig den nest største journalistkonferansen her i landet. 6-8 februar 2009 skal det feirast med masse godt fagleg program og ikkje minst jubileumsfest laurdag 7. februar.

Påmelding

Fleire av årets programpostar er på plass. Me ønskjer framleis gode tips frå deg. Ta gjerne kontakt der du fortel årets komite kven du ønskjer å sjå på Rica Hell Hotell neste år.

Påmeldinga startar ca. 1. desember, hugs på å vere tidleg ute. (rabatt før nyttår)
Me ønskjer deg velkommen til tre dagar med fagleg påfyll, inspirasjon, ein dose provokasjon og overraskingar. Du er hjarteleg velkomen.

Aagot Opheim,
leiar
Hellkomiteen

3 Kommentarer til “Velkommen til Hell 2009!”

  1. Gisle sier:

    Dette blir bra :-)

  2. tor sier:

    hvor er skjema???

  3. admin sier:

    Skjema kommer iløpet av dagen :-)

Legg igjen en kommentar!