Aagot lærer bort sine beste intervjutriks

Skrevet av | 22. januar 2018 | Ukategorisert | Ingen kommentarer

Utan intervjuet blir journalistikken dårleg, seier journalist i Adresseavisen, Aagot Opheim. Ho har vore journalist i over 30 år.

– Gjennom desse åra har eg både gode og veldig dårlege intervju på samvitet, seier ho.

Intervjuet legg grunnlag

Intervjuet er truleg det aller viktigaste verktøyet til ein journalist uavhengig av medium. Journalistikk utan intervju kan vera reine avskrivingar av pressemeldingar, eller det kan vera prega av at all informasjonen er henta frå dokument. I begge tilfeller hadde nok eit sitat eller fleire gjort saka betre. Det er intervjuet som legg grunnlag for dei svara me vel å publisera, understreker Opheim.

Men mange journalistar ser ut til å ha eit lite bevisst forhold til kvifor dei intervjuar, kva dei vil med intervjuet og kva spørsmål som fungerer best og gir dei beste svara.

Meld deg på Hellkonferansen her

Sawatsky er intervjuguru

Hennes intervjuguru heiter  John Sawatsky, canadisk journalist og universitetslærer i journalistikk og intervjuteknikk. Han meiner mange driv med «interviewing by accident». Det kan det komma noko godt av, men det er smartare å vita kva ein gjer, kva som fungerer og kvifor.

I denne samlinga på Hellkonferansen skal me prøva å finna svar på dette, ikkje minst skal me intervjua kvarandre og analysera spørsmåla og svara etterpå.

– Kven passar denne workshopen for?

– Alle som driv med intervju og som trur dei kan bli betre intervjuarar. Når eg les og høyrer intervju, legg eg merke til at det er mange tilfeldige intervju. Mange journalistar ser ikkje ein gong ut til å vita kva eit spørsmål er. Stadig vekk høyrer eller les eg ein påstand frå journalisten som blir avslutta med pause eller eit spørsmåltegn. Men ein påstand blir ikkje eit spørsmål sjølv om det kjem eit spørsmåltegn etter. Noko anna er at intervjuobjekt snakkar når intervjuar held kjeft. Men når du ikkje stiller spørsmål, kan du ikkje rekna med å få svar på det du lurer på.  Eg trur det er svært nyttig med ein gjennomgang eller repetisjon av kva eit intervju er.

– Kva betydning har eigentleg intervjuteknikk med tanke på det endelege produktet?

– Intervjuet er kjempeviktig. Eit intervju kan brukast til å henta inn utruleg mykje informasjon, og det kan gi spennande svar som egnar seg godt til tittel. Gjennom intervjuet kan du få dokumentert saka, og ikkje minst er det  gjennom intervjuet du får fram meiningar, synspunkt og ikkje minst følelsar.  Skilnaden mellom ei papirknitrande sak og engasjement ligg ofte i intervjuet.

– Kva er det beste spørsmålet ditt som du svært ofte brukar i intervjusamanheng?

– Eg kjem til Hell med fleire forslag til gode spørsmål. Dei startar alle med eit spørjeord, og dei kan brukast i dei fleste intervjua uavhengig av tema.

 

Legg igjen en kommentar